1. Hjem
  2. Strandryddesommaren 2020 - #likefinsomfør
Strandryddesommaren 2020 - #likefinsomfør - headerbilde

Strandryddesommaren 2020
   -  #likefinsomfør

 

 

Sommaren er over oss, og vi i Fjordane Friluftsråd, ynskjer saman med Hold Norge Rent, å invitere til felles dugnad mot forsøpling og for havet og naturen, i friluftslivets ånd! 
Slik at årets Noregsferie kan nyttas til å halde kysten og fjordstrøka våre like fine som før. 
#likefinsomfør er ein dugnad som skal motivere til førebygging av forsøpling og til å ta vare på nærmiljøet vårt, ferieparadisa våre, havet og naturen.

I våres har vi måttet avlyse alle planlagde aksjonar og ryddingar, men ettersom samfunnet har opna meir no i sommar ynskjer vi å legge til rette for at du som er ute og nyttar vår flotte kyst- og fjordnatur kan hjelpe oss med å rydde strandsona for eigarlaust marint avfall. 

Meir forsøpling

Denne våren har Hold Norge Rent dessverre observert ei auke i innmeldingar om forsøpling i parkar, langs stiar, på strender m.m.

Meldingane kjem frå heile landet, og dei trur utviklinga kan skyldast fleire forhold; som mindre frivilleg ryddeaktivitet og auka bruk av nærmiljøet til rekreasjon.

  • Vi er bekymra for forsøplingssituasjonen i kjølvatnet av meir friluftsliv, og nå vi vil gjerne bidra til at denne positive aktiviteten ikkje blir eit stort nasjonalt forsøplingsproblem i løpet av sommaren, seier dagleg leiar i HNR, Lise Gulbransen.

 

Nasjonal dugnad

Vi går mot ein sommar der dei aller fleste av oss vil velje Norge som ferieland, og saman med Hold Norge Rent, ynskjer vi i Fjordane Friluftsråd å sikre at dette ikkje fører til auka forsøpling i byer og bygder, i havet og på fjellet eller langs veger og stiar.

Vi blir derfor med på sommarens store nasjonale ryddedugnad initiert av Hold Norge Rent. Kor vi oppfordrar alle, både lokale og tilreisande, gamle og unge langs fjordkysten vår, til å vere med og bidra til at vi haldar kysten vår #likefinsomfør

  • Vi ser eit stor engasjement for å halde kysten og fjordane våre reine i heile område vårt. Frå Solund i sør til Stad i nord. No håpar vi at både lokalbefolkninga blir med på sommarens rydde-dugnad og at turistane som kjem på besøk også hugsar å ferdast sporlaust i tråd med det berekraftige friluftslivet, seier dagleg leiar i Fjordane Friluftsråd, Bjarte Engevik.

 

Bli med på ein søppelfri sommar

Målet med dugnaden er å motivere til ein sommar utan forsøpling og vi ynskjer og å motivere og legge til rette for strandrydding. 

Vi i Fjordane Friluftsråd er i full drift heile sommaren og har arbeidsbåt på sjøen heilt til september. Vi sørger for utstyrsdepot av strandryddemateriell og innleveringsplassar for avfallet. Vi hjelper deg med å plukke  opp depot med strandryddeavfall, også der ein ikkje kjem seg til med bil, og vi hjelper med å organisere strandryddingar langs heile kysten og dei ytre fjordstrøka i «gamle» Sogn og Fjordane. Vi tek også gjerne imot tips om forsøpla område. Kontakt oss om du har spørsmål eller ynskjer å rydde ei strand i ditt ferieparadis eller nærområde!

Emneknaggen #likefinsomfør er samlande for kampanjen, og enten du har vore ute å plukket strandsøppel, eller har vore ute på tur ein fin plass, så må du gjerne legge ut bilde på Instagram og sosiale media med emneknaggen og vise kor fint det er når du forlèt plassen.

Det er òg laga ei eigen nettside for kampanjen; likefinsomfør. Her finn du blant anna tips og råd til ein søppelfri sommar, nyheiter frå aktørane som deltek og inspirasjon til Norgesferien 2020.

 

Samarbeidsprosjekt

Kampanjen #likefinsomfør har Hold Norge Rent utvikla i samarbeid med Naturvernforbundet, Redningsselskapet, Norsk Friluftsliv, Turistforeningen, Friluftsrådenes Landsforbund, Vellenes Fellesorganisasjon, Norges Bygdeungdomslag, Norges Seilforbund og Norges Dykkeforbund.

I tillegg deltar LOOP, Miljøagentene, Norges Jeger- og Fiskerforbund, Infinitum, og Sirkel Glass.