1. Hjem
  2. No Nærmar Det Seg Haustens Store Ryddedugnad!
No Nærmar Det Seg Haustens Store Ryddedugnad! - headerbilde Sigrid M. Thane. Frå ein av sommarens aksjonar på Frøya i ytre Bremanger.

No Nærmar Det Seg Haustens Store Ryddedugnad!

 

Fjordane Friluftsråd inviterer medlemskommunar, samarbeidsorganisasjonar og kyst- og fjordfolket til Hald Noreg Reint si nasjonale ryddedugnad 5. - 20. september og håpar du har lyst til å vere med!

 

I haust skal vi ta igjen for den tapte ryddesesongen i vår og rydde det som har kome på avvege i løpet av vinteren, våren og sommaren, seier ryddegenreal Fanny Pindsle.

 

 

KVA SKJER PÅ RYDDEDUGNAD?

Kvar dag i løpet av perioden 5. – 20. september oppfordrar vi til rydding langs elver, innsjøar, strender, holmar, øyer, stiar og i byrommet. Du vel sjølv kva dag du ynskjer å rydde, og vi håper temadagane kan vere til inspirasjon. Start planlegginga no, og registrer ryddeaksjonar i Rydde (på nett eller i appen).

 

5. september:

Nordisk strandryddedag og den internasjonale strandryddedagen. Dagen avsluttast med #nattinaturen i samarbeid med Friluftslivets uke.

12. – 13. september:

Friluftslivets uke arrangerer «En tur med meining», og vi oppfordrar til turar med søppelplukking.

19. september:

Strandryddedagen 2020

14. – 20. september:

Temadagar fordelast utover hovudveka med nasjonal ryddedugnad.

 

HER ER ÅRETS TEMADAGAR:

Måndag 14. september

  • Vi rydder på heimebane. - Ta ein for laget!: I samarbeid med Noregs Idrettsforbund oppfordrar vi lag og foreiningar til å arrangere ryddeaksjon på si idrettsbane. Samen tar vi ein for laget og støttar opp under den nasjonale kampen mot forsøpling.

Tysdag 15. september

  • Barnas dag: Vi ynskjer skuler, barnehagar, barn og unge velkomne til å markere barnas eigen ryddedag! Ta kontakt med oss i friluftsrådet om dykk ynskjer hjelp med organisering av ryddeaksjon med barn, elever eller skuleklassar.

Onsdag 16. september

  • Vi ryddar på land: ein dag med fokus på ryddeaksjonar i innlandet, indre fjordstrøk og langs vassdrag og innsjøar, elver og i byrommet. For å bli med kan du ta #5forhvalen eller organisere ryddeaksjon i Rydde / Ryddeappen.

Torsdag 17. september

  • Rydd med jobben: Mange arbeidsplassar ynskjer å ta i eit tak for naturen og vise at dei støtter opp under den nasjonale dugnaden mot forsøpling. Ta med kollegane i lunsjen og rydd utanfor kontoret, eller arranger ein ryddeaksjon med jobben. Ta kontakt for å komme i gang!

Fredag 18. september

  • Dykkeaksjonar & vasseaksjonar: Det finnes utruleg mykje søppel på havbotnen og derfor inviterer vi til rydding under vann, og til vasseaksjonar for dei utan dykkarutstyr. NB! Rydding under vann krev spesiell tillating. Ta kontakt med den lokale dykkarklubben for meir informasjon.

Laurdag 19. september

  • Strandryddedagen!: Markerast den 19. september, starta i 2011 og markerast for tiande gong i 2020. Kvart år deltar tusenvis av frivillege. Bli med du og!

Søndag 20. september

  • Vi ryddar mikroplast og småsøppel: Søppel og små plastbitar som blir liggande kan skade dyrelivet, spreie miljøgifter og vere helseskadelege for både dyr og menneske. Derfor må vi og plukke dei små bitane.

 

 

TA KONTAKT MED OSS I FRILUFTSRÅDET OM DU YNSKJER Å ARRANGERE EI RYDDEAKSJON!

Fjordane Friluftsråd jobbar med å legge til rette for rydding av marint avfall langs kysten og i fjordstrøka frå Solund i sør til Stad i nord. Om du ynskjer å bidra under haustens store ryddedugnad vil vi gjerne høyre frå deg. Vi hjelper til med å skaffe ryddeutstyr og få handtert avfallet i etterkant av aksjonen.

 

- Vi ynskjer og å vise fram alt engasjementet for eit reint hav og ei rein kyst i områda våre. Både for inspirasjon til kvarandre og til resten av landet, seier Prosjektkoordinator Johannes S. Bolstad

 

Dette håpar vi skal bli ei fyldig oversikt på våre heimesider og i sosiale media med alle arrangement under haustens ryddedugnad. 
Så meld ifrå om du vil ta i bruk ei eller fleire av årets temadagar og arrangere di eiga ryddeaksjon.

 

Rydde er Hald Norge Reint si portal for all rydding av eigarlaust avfall som skjer landet over. Denne oppfordrar vi til at alle våre engasjerte ryddarar og samarbeidsorganisasjonar nyttar seg av. Her kan du organisere eller bli med på ryddeaksjonar, melde frå om forsøpla område, registrere funn og bidra til å auke kunnskapen om forsøpling i Norge.

Sjekk ut vår brukarvegleder for registrering i Rydde.

 

Fjordane Friluftsråd organiserer utstyrslager med strandryddeutstyr (sekkar, lodd og hanskar), kor du kan hente dette gratis for din aksjon. Og vi organsirar innleveringsplassar kor du gratis kan levere inn strandryddeavfallet etter dykk har rydda.

 

Ryddeaksjonar og koronakrisen

Årets vårrydding blei utsett grunna COVID-19 og det har vært nokke mindre ryddeaktivitet i løpet av 2020 enn vanleg. Med utreiseforbod og ferielystne nordmenn er sjansen stor for at det har kome søppel på avvege i sommar og vi finn stadig meir marin forsøpling langs kysten vår. Derfor inviterer vi til to veker med rydding i september.

MEN: Smittevern er fortsatt viktig. Hald Noreg Reint har laga ein guide til rydding under koronakrisen med tips til korleis du kan arrangere ein trygg ryddeaksjon. Guiden oppdaterast jevnleg og følger myndigheitenes råd.

 

Tusen takk til våre støttespelarar!

Tusen takk til Miljødirektoratet som løyver tilskot til Fjordane Friluftsråd sitt store strandryddeprosjekt; Rydd Sogn og Fjordane, og til Strandryddeuka. Handelens Miljøfond skal og ha tusen takk for støtte til ei ny stilling under prosjektet hos oss.

 

Spørsmål?

Ta kontakt med johannes@friluftsrad.no