1. Hjem
  2. Marin Forsøpling
  3. Strandryddepakka

Strandryddepakka

 

For at di bedrift skal kunne ta eit ekstra miljøansvar!

 

118137576_897182597470539_4619883453946552834_n.jpg   

 
Med strandryddepakka tilbyr vi næringslivet ei enkel løysing for å vere med å støtte arbeidet med å rydde kysten av tidligare Sogn og Fjordane for marin forsøpling. I tillegg til å bidra til å ta vare på våre felles hav!

Marin forsøpling er ei av vår tids største miljøutfordringar, og vår no-tid vil kanskje bli husket av ettertida som "plast-aldaren". For oss som lev på kysten og i fjordane er plastforsøplinga i fjører og på strender ein del av kvardagen og nokke vi godt kjenner til. Kampen mot marin forsøpling er ei av våre viktigaste arbeidsområde i Fjordane Friluftsråd, og no vil vi ha med næringslivet på dugnaden!  
 

Gjennom denne nye tenesta vi har kalla Strandryddepakka, vil vi i Fjordane Friluftsråd gjere det lett tilgjengeleg for lokalt næringsliv å bidra til å minke den marine forsøplinga langs kysten. Vi vil bruke vår kompetanse og erfaring til å rydde kysten lokalt i områda der di bedrift held til. Bedriften som vert med på Strandryddepakka får sjølv vere med på ein årleg aktivitetsdag kor strandryddinga kombinerast med spennande aktivitetar som kajakkpadling, segling eller RIB-safari til ei engasjerande oppleving! På den måten får bedriften sjølv delta på den beste delen av arbeidet, som i tillegg er ei lærerik team-buildings oppleving. Medan vi i Friluftsrådet tek oss av dei tyngre aksjonane og den daglege ryddinga som må til for å hanskast med problemet.  

Inntektene frå salet av strandryddepakka går altså til kostnadane med å ha ein ekstra strandryddemedarbeidar tilsett i Fjordane Friluftsråd. På den måten kan di bedrift sjølv vere med å rydde, i tillegg til å styrke vår innsats for ei reinare kyst lokalt.

 

 

Kva får dykk gjennom Strandryddepakka
  • Reinare strender langs vår lokale kyst. 
  • Eit mindre forsøpla hav med sunnare og meir beredyktige marine økosystem. 
  • Positiv omtale av bedrifta sitt engasjement i våre kommunikasjon og i våre medie-kanalar. 
  • Ei konkurransefordel overfor konkurentar når det kjem til miljøfokus. 
  • Ei engasjerande team-buildingsdag med strandrydding i kombinasjon med spannande aktivitetar kvart år. 
  • Tips til korleis di bedrift kan bli mindre plast-avhengig. 
 

 

IMG_0427.JPG 

 

 

Aktivitetsdag

Gjennom Strandryddepakka får alle bedriftene som har kjøpt tenesta, ei samansveisande team-buldingsdag saman med våre engasjerande strandryddemedarbeidarar kvart år! Her vil vi ta dykk med ut på ei fartsfylt, morosam, utfordrande eller spennande aktivitet i skjærgården langs kysten vår. Vi kombinerar ulike aktivitetar for kvart år med strandryddinga og fokuset på marin forsøpling, som vil vere vår røde tråd. Gjer dykk klar for å dra på ei strandryddetokt litt utanom det vanlege og for å få eit heilt nytt inntrykk av dykkar heimelege farvann saman med oss! 

 

Nokken av aktivitetane vi har på menyen er:
  • Havkajakk- og strandryddetur i Solunds flotte skjærgård.
  • Segling-og-Strandrydding med den tradisjonsrike skuta Loyal ifrå Florø 
  • Havrafting med el.RIB og strandrydding rundt Knutholmen, Kalvåg
 

  

Målet med aktivitetsdagen er å gje dykk alle ei positiv, spennande, lærerik og forhåpentlegvis utfordrande oppleving i lag med oss. Vi vil ta dykk med inn i vårt univers og samtidig som vi har det gøy vil vi rydde ei fjære/strand loakalt i regionen. 

 

 

 

Pris

Vi legg opp til ei prismodell for Strandryddepakka basert på størrelsen på di bedrift. I tabellen under synes standardprisar per år. Ta ellers kontakt med oss for eit pristilbod for di bedrift!

 

Bedriftsstørrelse Pris
1 – 4 tilsette 10.000,-
5 – 9 tilsette 30.000,-
10 – 19 tilsette 50.000,-
20 – 49 tilsette 100.000,-
(evt. 50+ tilsette) etter avtale

 

 

 

 

 

For våren 2021 har vi følgande på programmet: 

 

Havkajakk- og strandryddetur i Solunds flotte skjærgård

   

Solund er den vestlegaste kommunen i landet, og med sine mange øyer og skjær så er staden eit paradis for kajakkpadling. Kajakkpadling er både ei utffordrandemeditativ og utruleg vakker naturoppleving som våre sertifiserte instruktørar tek dykk med ut på. Undervegs på turen tek vi dykk med på historia om naturen her ute i havgapet og korleis plastforsøplingsproblematikken ser ut her. Vi stoppar for lunsj og strandrydding på ei av øyrikets tusenvis av holmar og skjær. Her har vi sjøen, utsikta, lufta og vannet heilt for oss sjølv og ingenting gir meir mestringsfølelse enn å dra ifrå stranda og vår eigne lille holme i heilt rein og ryddig stand!

 

Sjøspretten3.jpg  

 

10.15 Ankomst til Krakhella, Solund med hurtigbåt (eller ferge) og skyss vidare til Hardbakke. 

10.50 Oppmøte ved kaia i Hardbakke, her vil dykk møte oss. Kajakkutstyr blir fordelt og dykk får introduksjon i padlinga, samt ein gjennomgang av sikkerheit og plan for dagen.  

12.00 Vi padlar eit stykke ut i den fantastiske kystnaturen for å finne ein stad som eignar seg for strandrydding og lunsj. Vi utforskar plassen vi har gått i land på og forhåpentlegvis klarer vi å rydde det pent og ryddig ila. tida vår her ute. Etter lunsj og strandrydding padlar vi i med vinden i ryggen tilbake til utgongspunktet og avsluttar padlinga.  

16.00 For å feire ein super innsats, vert dagen avslutta med middag på Skafferiet Mat & Drikke i Hardbakke  

17.30 Skyss frå Hardbakke og vidare med ekspressbåt (eller ferge) ifrå Krakhella  

 

Vi sett opp datoar for teambuildingsdag med dykk fortløpande etter avtale. Sesongen er i hovudsak frå mai til september, og vi synast juni kanskje er aller best egna for denne opplevinga!  
For alle aktivitetane kan vi arrangere desse ein anna stad enn oprinnelig planlagt, etter avtale. Vi har eit utval aktuelle favorittplassar i heile området vårt langs heile kysten av tidligare Sogn og Fjordane, så ta kontakt med oss i god tid, så ordner vi det!  

  

Maks 18 deltakare per aktivitetsdag. 

Om dykk er ei stor bedrift med mange tilsette legg vi opp til fleire aktivitetsdagar for dykk kvart år.

 

Hvilke bedriftar er foreløpig med: 

 

Bedrift som samarbeider.png

 

  

For å bestille Strandryddepakka, kontakt oss: 

Tlf.: 954 89 587

 

IMG_20201029_122910_8.jpg

 

 

      IMG_0296 avlang (002).jpg