1. Hjem
  2. Friluftsliv
  3. Friluftslivets veke 2021

NFL-Nattinatruen-FB-Event-bannerNFL-FUKE-03 (1).jpg

 

Bli med på Friluftslivets veke!  

I Friluftslivets veke 4. – 12. september 2021 feirer vi norsk natur og friluftsliv gjennom ei heil veke – og inviterer heile Norge til å bli med ut på tur!

I Friluftslivets veke inviteres alle i heile Norge til å bli med ut i naturen. Over heile landet kan du delta på spennende friluftslivsaktivitetar i regi av lokale lag og foreiningar, organisasjonar, friluftsråd og kommuna der du bur.

Veka sparkast i gang med at heile Norge inviteres til å sove ute under #nattinaturen laurdag 4. september.

Friluftslivets veke har som mål å få fleire ut i naturen, ha det gøy og skapa flest moglege gode minnar! Det er Norsk Friluftsliv og dei norske friluftslivsorganisasjonene som står bak.

Friluftslivets veke har blitt arrangert sidan 1993, og finn alltid sted fra fyrste helg i september – kvart år. I 2019 blei det registrert over 1400 arrangement i aktivitetskalenderen for veka.

Kva skjer i mitt nærområde?

Besøk aktivitetskalenderen for Friluftslivets veke for å sjå kva arrangementer som foregår der du bur!

Nærfriluftsliv: Vi ynskjer at enda fleire skal få oppleve natur og friluftsliv – og bli kjent med utemoglegheitane der de bur. Denne veka kan du prøve nye turmål eller aktivitetar saman med lokale lag og foreiningar. Det kan vere skog og fjellturer, sopp- og bærplukking, elvevandringer, naturstier, padleturer, klatring, speidertivoli, fugletitting, bålkos og pølsegrilling, felles overnatting i telt, turer til spennende historiske steder eller andre naturopplevingar.