1. Hjem
  2. TV-aksjonen 2020 - For eit HAV av moglegheiter
TV-aksjonen 2020 - For eit HAV av moglegheiter - headerbilde For eit HAV av moglegheiter

TV-aksjonen 2020 - For eit HAV av moglegheiter

 

TV-aksjonen NRK 2020 går til WWF sitt arbeid mot plast i havet og går av stabelen 18. oktober. Vi i Fjordane Friluftsråd er veldig glad for at denne viktige saka taes opp under landets største innsamlingsdugnad og støtter arbeidet!

 

TV-aksjonen NRK 2020 går til arbeid mot plastforsøpling i Sør-Aust Asia, kor oppmot 60% av all søpla i verdshava kjem frå. Sjølv om vi ikkje ser mykje til denne plasten langs vår kyst (kor oppmot 70% kjem frå vårt eige land), er dette eit av verdas største plastforureiningsproblem og er ei veldig viktig kran å stengje. Midlane skal nyttas til å etablere og forbetre eksisterande avfallssystem for meir enn 900.000 menneske og redusere utslepp av plast til elver og sjø med 7000 tonn årleg!

 

Lokalt engasjement

I våre medlemskommunar veit vi godt kor mykje søppel som driv i land frå havet, og med årets TV- aksjon kan du bidra både til sjølve innsamlinga, og til å rydde ei strand der du bur.
Solund kommune har satt igang ei noke anneleis kronerulling for årets TV-aksjon, og vi håpar fleire av våre medlemskommunar kjem etter!

 

1 kilo plukka strandsøppel =  … kr til TV-aksjonen

Det drives jamt og trutt eit ivrig strandryddearbeid i våre områder, og i år vert det laga til ei eige kronerulling per kg. plast som vert plukka på våre strender fram til TV-aksjonsdagen den 18.10. 
Solund Kommune er fyrst ut enn så lenge, og det fungerer slik at for kvar kg plast som plukkast på strandryddeaksjonar i kommunen, med skulen, barnehagen eller av deg på ettermiddagsturen din, så vert det samla inn eit større og større beløp til TV-aksjonen. 

På den måten nyttar vi anledninga både til å samle inn pengar og få ryddigare strender!

 

Næringslivet er med

Næringslivet i Solund kommune er med på kronerullinga, og enn så lenge har her Vidar Hop Skyssbåtar, HAFS Elektro, Lending Rederi, Øybygg, Solund Verft, SPAR Solund, MOWI Solund og Havtal blitt med på denne innsamlinga. Tusen takk til dykk, og vi håpar fleire kjem til!

 

Du kan både bidra med støtte per kg, og plukke søppel sjølv!

Vi oppmodar òg alle privatpersonar til å delta i denne kronerullinga. Send ei mail til johannes@friluftsrad.no eller ring 48222238, om du er interessert i å delta.

Like viktig er det at alle no nyttar sjansen og tek med seg ei strandryddesekk til si næraste fjære eller favorittstrand og ryddar den plasten som finns der. Send bilete og vekta av sekkene du plukkar til oss i Friluftsrådet og dei kjem med i innsamlinga.

 

Korleis rydde (for Solund Kommune)?

  • Ta med deg ryddesekkar frå eit av våre utstyrslager, (Friluftsrådets kontor under Leilighetshotellet, Gjenbruket v/SPAR Hardbakke, Valen Båtlag, Nærbutikken Nåra)
  • Finn ei forsøpla fjære nær deg (Bjørnefjorden, Rørdalsfjorden, Steinsundvika, Hesjevikane er eks. på forsøpla plasser)
  • Veg sekkane med strandsøppel du plukkar og send bilete og vekt til johannes@friluftsrad.no for å få dei med i innsamlinga
  • Registrer aksjonen på Rydde og knytt aksjonen til Fjordane Friluftsråd
  • Kast strandsøpla i ein av våre utplasserte konteinarar, (Valen Båtlag - Hardbakke, hos Selstad AS - Lundøyna Ytre Sula, eller i storsekkar på Hersvik Kai)

 

 

Du kan sjølvsagt òg støtte TV-aksjonen direkte. Bli digital bøssebærar, støtt di lokale spleis og gå inn på blimed.no for meir informasjon!