1. Hjem
  2. Kajakk og Strandrydding
Kajakk og Strandrydding - headerbilde

Kajakk og Strandrydding

Med Sjøspretten Studentforening på eit kajakk- og strandryddingseventyr i øyriket Solund!

Tekst og bilete: Roger Auset, Sjøspretten

 

Å kombinere havkajakktur med strandrydding er nokke vi lenge har tenkt på å arrangere i Sjøspretten. Det ligg nært ei kajakkpadlars hjarte å rydde på strendene ein kjem innom, og med øyriket Solund som destinasjon ligg alt til rette for ei veldig god oppleving! Så når vi no fekk ut årets avgang med denne turen tok det ikkje mange timane før påmeldinga vart heilt fylt opp!

Sjøspretten4.jpg

Ankomst til Lågøyna for eigne årar

 

Med motivasjonsmidlar frå Fjordane Friluftsråd tok vi kollektivtransport frå Sogndal og ut til øygruppa ytterst i fjorden, og takket vere Norsk Kystkulturakademi (NKKA) som lånte oss kajakker til formålet padla vi for eige maskin ut til Synninga, sør på Lågøyna. Her organiserte vi 3 ryddelag langs stranda, og saman fekk vi rydda litt over 540kg plast berre her. Funna var sjokkerande! Det som på avstand såg ut som ein vakker urørt strandlinSjøspretten5.jpgje viste seg raskt å skjule mange store og små plastbitar, frå industri og husholdning. Alt frå sprengkablar og taubitar til plastkanner, tøflar og snusboksar låg langs stranda. Like trist var det å ikkje kunne tråkke rundt i slikt vakkert landskap uten å høyre lyden av gammel plast som knasa under føtene.

 

Vi fann alle mykje rart mens vi plukka, og vi blei nok alle sjokkert over kor mykje plast vi fann på kun denne lille plassen. Tankane om kor mykje plast som finnast der ute i resten av havet, og korleis det påverkar både dyreliv og oss menneske på sikt, slo oss nok alle ganske håadt. At det er mykje plast som flyt rundt i havet veit vi alle, men det å plukke opp både små og store plastbitar, tau og meir enn ein kan forestille seg gjer eit tydeleg bilete av realiteten, og at vi må gjere nokke med desse utfordringane. Difor vart det utruleg givande for alle å få bidra med ein liten bit til det store heile.

 

 

Ivrige ryddarar i aksjon!

 

Like gira som vi var på å plukke plast, var vi gira på å bade! Vår siste dag på øya blei alle med på eit deilig friskt morgonbad. Ettersom vi hadde fått med oss t-skjorte frå TV-aksjonen, med beskjed om at "alle" no hoppa i sjøen for eit hav av moglegheiter, i samanheng med årets TV-aksjon mot plast i havet, måtte vi stille opp. Da vart det lite nøling om ein skulle utti eller ikkje, full gass og bomba ut i det litt kalde vatnet! Forfriskande var det uansett, og enda betre å vite at vi bidro til årets sak.

Sjøspretten1.jpg

Her hoppar vi i sjøen for TV-aksjonen til WWF 2020 - for Eit HAV av Moglegheitar

 

Sjøspretten.jpg

Sjøspretten hadde ein heilt magisk helg fylt med mykje padling, mykje plast, og veldig god stemning, mykje glede, fisk på kroken og til middag, og ikkje minst nye vennskap. Vi vil takke Fjordane Friluftsråd og Norsk Kystkulturakademi for moglegheiten til å dra på denne opplevelsesfylte og minnerike turen, og kjem gjerne igjen neste år!

 

 

 

 

 

 

Padling heim i solnedgangen