1. Hjem
  2. Lansering av Strandryddepakka
Lansering av Strandryddepakka - headerbilde Jon Meiholt - Frå venstre; Geir Karstensen, E. Karstensen Fiskeoppdrett og Elin Tveit Sveen, Marø Havbruk. Under undertegnelse av kontrakt på deira kontor i Florø.

No lanserer vi nytt konsept for å trekke næringslivet inn i kampen mot havplasten!

Vi i Fjordane Friluftsråd slepp no eit nytt produkt i kampen mot den marine forsøplinga, kalla “Strandryddepakka”. Vi ser at den lokale innsatsen i aller størst grad vert gjort av lokale frivillige og eldsjeler, men no vil Fjordane Friluftsråd i større grad ha med næringslivet på denne dugnaden! Med Strandryddepakka tilbyr vi næringslivet ei enkel løysning for å vere med å støtte arbeidet med å rydde kysten av Sogn og Fjordane for marin forsøpling. Marø Havbruk og E. Karstensen Fiskeoppdrett er dei fyrste som blir med, og vi håpar på brei og god mattakelse blant næringslivet i regionen elles!

 

- “Vi ser at næringslivet er svært opptekne av problematikken kring marin forsøpling, men dei treng ofte ei litt anna tilnærming for å få til å bidra, enn lokale frivillige, organisasjonar/lag osb.” seier Johannes S. Bolstad som er fagleiar for Marin Forsøpling hos oss. Poenget med Strandryddepakka er å gjere det enklare for bedriftene å bidra, samt meir forutsigbart. I staden for at bedrifta vert spurt om enkeltbidrag til støtte av ulike strandrydde-prosjekt eller sporadisk vert spurt om å vere med på ryddeaksjonar, gjer Strandryddepakka det heile til ei fast avtale.

Gjennom sal av Strandryddepakka vil vi i Friluftsrådet nytte vår kompetanse og erfaring til å rydde kysten lokalt. Bedrifta som kjøper tenesta får sjølv vere med på ein årleg aktivitetsdag kor vi tek dei med på ei angasjerande aktivitet, som kajakkpadling, segling eller RIB-safari i kombinasjon med strandrydding! Vi legg opp til at dette skal vere ein aktivitetsdag, kor dei tilsette i bedrifta både får bidratt til oppryddinga og lært masse om problematikken på ein engasjerande måte. Inntektene frå Strandryddepakka går til å rydde fjæra lokalt/regionalt med profesjonelle ryddarar.

 

IMG_0427.JPG Sjøspretten.jpg 

Strandryddeseglas og Havkajakk-og-strandrydding, er nokken av aktivitetane bedriftane lokkas med!  

 

- “Strandryddepakka er eit produkt som vil gje oss ekstra ressursar til å fjerne det marine avfallet i regionen vår, i tillegg til at vi får vist fram viktigheita og storleiken av utfordringane til endå fleir gjennom aktivitetsdagane. Difor håper vi at flest mogleg bedrifter vert med!”, fortel Jon Meiholt, som er ansvarleg for prosjektet. I år kan Jon lokke med ein aktivitetsdag som vil bestå av kajakktur kombinert med strandrydding, for dei interesserte bedriftene.

Marø Havbruk og E. Karstensen Fiskeoppdrett er dei fyrste kundene av Strandryddepakka, og dei gleder seg til å vere med på aktivitetsdag til sommaren. Men dette er ikkje fyrste gong dei har fokus på strandrydding og å sikre ein rein kyst. Elin Tveit Sveen, dagleg leiar i Marø Havbruk, er aktiv i grendautvalet på Svanøya og har vore med å gjennomføre mange ryddedugnadar der. Geir Karstensen fortel at strandrydding var noko dei vaks opp med og har gjennomført på eige initsiativ i alle år.

- “Både bedrifta og meg sjølv er opptatt av strandrydding, vi lever i og av kysten og ønsker å sikre eit godt miljø”, seier Elin og ynskjer monge fleire bedrifter med på å kjøpe Strandryddepakka.